Nytt: Eksportere data frå microdata.no

 av  Svein Johansen

No kan du bruke microdata.no som verktøy når du tingar mikrodata frå SSB. Dersom du legg ved eit skript frå microdata.no i søknaden, hentar SSB ut dei dataene du sjølv har sett saman. Når du sjølv lagar filane, kan du arbeide med data alt før du søker og du tar bort risikoen for misforståingar.

Ein ny eksportfunksjon gjer microdata.no til supplerande verktøy når du treng avidentifiserte mikrodata frå SSB. Det gjer datatinging enklare enn før og mindre utsett for mistydingar. Eksporten krev at du søker om tilgang til data.

Slik gjer du

Gangen er slik: Du set saman dataene du vil ha i microdata.no og legg med skriptet i søknadsskjemaet om direkte tilgang til data frå SSB. Søknaden går til SSB som handsamar han og gir tilbod med pris og leveringstid. Om du takkar ja, treng ikkje SSB å produsere fila, for det har du alt gjort. Det sparar arbeid, det blir ingen misforståingar, og du har hatt høve til å arbeide med data alt før du søker.

Tenk deg dette caset

Du har eit utgreiingsoppdrag eller ein prosjektidé som du skulle ha testa med reelle, skarpe data. Da er microdata.no ein plass å starte. Utan protokoll, utan å søke, utan å vere avhengig av nokon eller noko går du rett til data, definerer ein populasjon, koblar på data og prøver deg fram med deskriptive analyser og årsaksmodellar.

Kan hende finn du alt du treng av data og analyseverktøy og kan fullføre prosjektet på microdata.no.

Hente ut data frå microdata.no

Kan hende finn du at du treng data i tillegg, eller du må bruke andre verktøy enn tenesta sitt innebygde. Da kan du bruke microdata.no som eit nytt verktøy når du søker om mikrodata. Denne måten er raskare enn tidlegare fordi du orienterer deg i data alt før du søker og fordi du jo tar bort risikoen for misforståingar når det er du sjølv som set saman data som ein del av søknaden. Og når SSB skal produsere dataene, er jobben alt gjort.